Norsk
Gamereactor
artikler
Champions Online

Champions Online-intervju

Me er lei av dragar og demonar, sverd og magi. Me vil ha eit nettrollespel som baserer seg på noko anna enn Tolkien sine gamle tekstar. Bill Roper og Cryptic Studios satsar på superheltar i det komande nettrollespelet Champions Online, og me har fått ein prat med Diablo-utviklaren om det nye prosjektet hans.

Abonner på vårt nyhetsbrev her!

* Påkrevd felt
HQ

Kva skil Champions Online frå andre MMOar på marknaden?
Ser ein bort frå nyansane og mekanikken som alle MMOar deler, fins det nokre store skilnader mellom Champions Online og andre spel. Her er nokre få eg kom på nett no:
Nemesis-systemet er ein utruleg god måte for spelarar til å lage eige innhald og dele det med andre. Nett som du kan lage helten du drøymer om, kan du òg lage erkefienden - deira Nemesis. Med same detaljerte verktøy som dei bygde helten sin med, kan spelarane lage den fullkomne skurken. Og det er ikkje berre kostymet og dei tematiske kreftene det er snakk om. Ein kan forme undersåttane og personlegdomen til sin eigen Nemesis. Den fullkomne utfordringa er den du lagar sjølv.

I Champions Online tek me deg bort frå det grå fengselet byen er. Medan heltane normalt har røtene sine i større byar, dreg dei òg til enden av jorda for å slåss for rettferd. Heltane kan utforske og slåss på meir varierte stader enn nokosinne, frå den frosne tundraen i Kanada til den ville Monster Island, det strålefarlege øydelandet i ørkenen og til det undersjøiske kongedømet Lemuria. Sjølvsagt kan dei alltid også dra tilbake til den største, klåraste og farligaste metropolen i verda - Millennium City.

Og det viktigaste er om mogleg tilpassinga. Alt frå korleis helten din ser ut til kva for krefter han har og korleis dei fungerer, er opp til deg. Dette er eit forbløffande hopp vidare frå kva spelarane kunne gjere i City of Heroes/Villains og er der for å gje liv til firefarga teikneseriar. Uansett kva slags helt du ser føre deg, jobbar me for å oppfylle draumane dine i Champions-universet.

Kva skil spillet frå City of Heroes?
Framdrifta til figurane er svært avhengig av oppdrag, så det ikkje naudsynt med mykje speling for å nå den fyrste øvre grensa for nivå. Det fins meir enn 900 oppdrag tilgjengelege frå starten av, så ein har ein enorm mengde historie å gå gjennom og ting å gjere. Sjølv om slåssinga er meir kampbasert, gjev me heilt klart ei rik og djup oppleving av MMORPG for heltane våre.

Dette er en annonse:

Samstundes veit me at mange spelarar likar samling og plar bruke mykje tid på å bygge mot eit langsiktig mål. Det fins ei stor mengde nye premiar for figurane etter kvart som dei veks i erfaring. Hundrevis av nye områdar ein kan oppdage og utforske, nye kreftar og fordelar knytt til dei, hundrevis av frynsegode/prestasjonar, utgangspunkt og talentar, gjenstandar, handverk, superstatistikkar, PvP-spel og rangeringar, og Nemesis-systemet så klart. Nokre av dei mest krevjande frynsegodane har glimrande premiar, men spelarane må bruke fleire timar på å fullføre dei. Vi håper at me har noko for både vanlege og hardnakka spelarar.

Føler du at merkelappen "FRÅ SKAPAREN AV DIABLO" skaper urealistiske forventningar til titlar du arbeider med?
Med ei slik imponerande stamtavle som Flagship si kan det godt ha vore forventningar me aldri kunne ha innfridd frå starten av. I alle høve levde ikkje spelet opp til det spelarane ville ha, men det er fleire grunnar til det - mellom anna at me freista å gjere for mykje med for lite tid. Eg har fleire gonger snakka om feila me gjorde. Dei fungerer som erfaringar eg kan nytte i arbeidet eg gjer no. For å ta det med å starte frå byrjinga med pressen og spelarar, freistar eg å vekse på suksessane mine på same måte som feila, og alle gjer meg til den utviklaren eg er i dag. Eg håper berre at spelarane kan sjå på alle prosjekt i sitt eige lys, og ha realistiske forventningar til kvart spel dei spelar.

Nokre spesielle feller som du datt oppi med Hellgate: London som du vil unngå med Champions Online?
Som eg allereie har nemnt, lærer suksess oss mykje, men det er så mange fleire lærdomar ein får frå mistaka. Kvar veke finn eg noko der eg kan trekke frå både det som har virka og ikkje virka før. Den viktigaste lærdomen er kan hende å holde fokus på kva som er vesentlig for spelet. I Hellgate: London freista me rett og slett å gjere for mykje og spreidde oss sjølve (og evna vår til å teste og balansere spelet skikkelig) for tynt. I tillegg er det livsviktig å ha ein solid base med sosiale funksjoner og nettsamfunn. Det same er ein konstant kontakt med spelarane våre. Til sist er det ein viktig lærdom å sjå på kva som fungerer både i høve til spel- og forretningsaspekta av spelet, og bygge på dei i staden for å slengje saman ein masse heilt nye idear utan merksemd til korleis alt passar saman. Dette inneber ikkje at me ikkje gjer utrulege nye ting for spelarane våre. Me set berre måla våre i røyndommen.

City of Heroes fekk problem med Marvel av di brukarane kunne lage superheltar som likna mykje på Marvel sine figurar. Når DC Universe Online blir utvikla parallelt med Champions Online, er det ikkje ein fare for at spelarane kan skape heltar i spelet som ser ut som Supermann slik at SoE og DC går til søksmål mot dykk? Gjer de noko for å hindre at spelarane skaper figurar som ser ut som figurar frå Marvel eller DC, eller er denne skapeprosessen friare enn i City of Heroes?
Me er glade for å sjå den enorme kreativiteten i betasamfunnet vårt, og dette er basert på den massive mengda val som er tilgjengelig både i kostyme- og kraftsystemet. Det er så mykje meir enn dei hundretals ulike kostymedelane - ein har berre så MANGE MÅTAR der spelarane kan halde fram med å tilpasse heltane sine at det er inspirerande. Med tanke på utsjånad kan alle nye krefter du får tilpassast med både fargar, utstrålingspunkt eller begge. Du kan alltids vitje ein skreddar for å skifte på korleis kostymet ditt ser ut, eller skape heilt nye medan du låser opp plassar for fleire kostyme. Me trur at våre spelarar vil vere meir interessert i å byggje heltane dei har i hovuda sine enn dei nokon andre har laga.

Dette er en annonse:

Kvifor bør spelarar velje dykkar spel framfor DC Universe?
Champions har vore der sidan 1981. Me har bokstaveleg talt hundretals eksemplar av verden, figurar og spelmekanikk som har blitt spelt og foredla av hundretusentals spelarar. Champions-universet er like detaljert som noko frå ein tradisjonell teikneserie, med den ekstra fordelen at det har vore eit spel frå byrjinga av.

I tillegg er tilpassinga kjernen i Champions-universet. Å vere i stand til å lage helten du vil er meir enn å bruke vår glimrande kostymeskapar. Spelarane kan ta tilpassinga til neste nivå ved å lage heltane sine i ein kombinasjon av alle kreftane i spelet, og ikkje verte låst til ein klasse eller tema. Dei kan til og med velje kor krafta kjem ut! Lyna trenger ikkje kome frå helten sine hender. Dei kan kome frå auga eller bringa, til dømes. Alt dette er sett saman slik at spelarane kan vere helten dei vil vere.

Kven er yndlingssuperhelten din?
Eg har så mange eg likar, så dette kan endre seg frå dag til dag. I dag er eg i eit tullete humør, så då må eg velje The Tick! Gigantisk, muskuløs, blå, nesten usårleg, og kreftene veks når det er naudsynt at dei gjer det. Korleis kan du IKKJE like han? SPOOOOOON!

Champions Online
Bill Roper
Champions OnlineChampions OnlineChampions OnlineChampions Online
Champions OnlineChampions OnlineChampions OnlineChampions Online
Champions OnlineChampions OnlineChampions OnlineChampions Online
Champions OnlineChampions OnlineChampions OnlineChampions Online
Champions OnlineChampions OnlineChampions OnlineChampions Online

Relaterte tekster

Champions OnlineScore

Champions Online

ANMELDELSE. Skrevet av Berit Ellingsen

Nettrollespill ser aldri ut til å dø ut, og superhelter er mer i skuddet enn noensinne. Champions Online kombinerer de to, og Berit er ganske så fornøyd med resultatet.



Loading next content