Norsk
Blog

Filmanalyse: Kung- fu Hustle

Skrevet av remote den 18 september 2007 klokken 19:55

jeg har skrevet en filmanalyse som en skoleoppgave, og tenkte jeg kunne legge den ut her. håper du vil lese den og håper du legger en kommentar i kommentarfeltet(hvor ellers?)

(PS. den står på nynorsk, men det har vel ingenting å si?)

Kung fu hustle

Handlingen går for seg i det moderne Kina. Øksegjengen styrar byen. Det er ein gjeng som er kledd i smoking, på fleire tusen menn. Alle er redde for dei.
I den vesle bygda Svinestien kjem det to menn som seier dei er frå øksegjengen. Noko dei ikkje er. Det blir bråk og den eigentlege øksegjengen kjem. Dei truar med å øydelegge heile bygda. Men så viser det seg at i bygda bur det fleire kung fu meistrar, som bankar opp alle dei øksebande-folka med ein usannsynleg stil. Ein av hovudpersonane : Sting får skylda for å ha utgitt seg som ein av dei mange i øksebanden. Sting vil gjerne vere med i denne banden, men først må han gjere noko ulovleg.
Etter at øksebanden hadde fått bank av kung fu meisterane frå svinestien tilset dei to musikantar som er god til å sloss. Dei drep dei tre kung fu meisteran med ein slags diger gitarlignande sak. Den store redninga for svinestien blir husverten, som og viser seg er ein ekte kung fu meister. Han bankar opp dei to musikantane som er usedvanleg god til å sloss. Men det slutter ikke der...

Musikken er eit av dei beste verkemidla med filmen. Når det blir ein kampscene skiftar musikken stil og skaper den gode stemninga som går an å lage på ein film. Kung fu hustle inneheld også følelsesladd musikk som minst gir like god stemning.. lydeffektene er det heller ingen ting å seie på, og dei virker svært realistisk for alle øyre.

Bildet og spesialeffektane er det heller ingenting å seie på. I likheit med lyden er spesialeffetane heilt realistiske. Dei er jo laga av den samme personen som laga spesialeffektane til "The Matrix". Det seier sitt.
Filmingen er også eit meisterverk. Kameraet får med ansiktsuttrykkene på ein spesiell måte og er med på å skape filmen sin spesielle stil. Det er også med meir kameratriks som blir gjort på ein litt ny måte.
Hete kampscener gjort på vis bare kinesere kan med nøye og gode koreografier fryder auget mykje i løpet av filmen.

Min personlige opplevelse er at dette er ein av dei beste filmene i nyere tid, men god historie, særegen humor, god oppbygging, god oppfinnsomheit, morosame karakterar og rå action. Det er vanskeleg å settje ord på kor bra filmen er, men det er verdt å bruke dei 95 minuttene denne filmen rekk. Eg likte denne filmen svært godt! Det einaste minuset eg ser er at det kanskje ikkje er ein film for jenter. That's it.

HQ