Norsk
Blog
Eit møte

Eit møte

Skrevet av Soraki den 30 mai 2009 klokken 03:14

//En liten diffus historie jeg skrev til nynorsk tentamen rundt juletider. Kos dykk!//


Mannen i grå frakk satt seg ned ved bordet i hjørnet. Kelneren kom bort og spurte kva det skulle vere. Ho var ung, maks tjue år gammal. Håret var satt opp i ein anordning på hodet hennes. Det var blondt, antakeleg farga. Mannen i frakk rykket til med hodet og mumla noko utydeleg, men kelneren skjønte visst kva han sa, for sekundet senere gjekk ho tilbake til kjøkkenet.
Det var august månad og varmt i været, himmelen var skyfri og regnet frå gårsdagen hadde allereie fordampa i gatene. Altså var det ingen grunn til å gå med frakk, spesielt ikkje inne. Det var nok forferdelig varmt og klamt der inne. Mannens ansikt var skjult i skyggen av den store hatten mannen hadde på hodet. Den var av
den typen som privatdetektivar alltid brukar på film. Bremmen var lang og bred, og kasta ei skygge over mannens ansikt. Denne mannen hadde noko å skjule.

Ti minutter senere kom kelneren tilbake, denne gongen med eit glas. Glaset var farget raudt så innehaldet var det umuleg å sjå kva var, viss ein for eksempel satt ved nabobordet. Kelneren skyndte seg vidare til eit bord fire bord bortenfor.
- Kva skal det vere? spurte ho med lys uskyldeg stemme. Mannen i frakk tok ein stor slurk av glasets innehald og satte det ned på bordet igjen så det lød eit djupt «klonk». Bølgjene i glaset la seg straks rolig igjen. Det var cirka ein tredjedel igjen. Mannen
så tilfreds ut og ga frå seg eit lite pust.

Slik satt han i ti minutter til døren gjekk opp og nokon kom inn. Det knirket litt då døren lukket seg sakte igjen. Ikkje mykje, men akkurat nok til at det kunne høres. Det var nesten som om den ba ein stille bønn om å bli olja snart. Den skulle ikkje bli det.
Inn døren kom ein mann, trolig. Det kunne også ha vore ein kvinne for ein kunne ikkje sjå ansiktet under den svarte frakken. Men kroppsbygningen antydet at det var ein mann, spesielt dei store musklane som lagde store bular i frakken. Mange ville også tenkt at ein dame ikkje ville hatt på seg ein stor, svart og stedvis møkkete frakk. Pluss den brune hatten han hadde på hodet. Den var av typen som privatdetektivar alltid brukte på film i gamledager. Då så ein jo ikkje at den var brun fordi alt var svart-hvitt, men den var likeså brun.
Den nyankomne satte seg ned ved det samme bordet som mannen i grå frakk. Uten å si noko satt dei der i kanskje fem minutter. Folka som satt ved bordane i nærheiten tittet frå tid til annan over til bordet deres; dei var litt av eit syn der dei satt. To
frakkar som satt på kver sin side av eit bord uten å si noko, dei berre stirra på kverandre der inne i skyggen. Det kunne nesten sjå ut som om dei sov. Dette kunne forsåvidt stemme.

Etter at fem minutter var gått tok den grå frakken fram ein sølvfarget stresskoffert, ein slik ein kan sjå på filmer når skurkane skal gjere en byttehandel. Han hadde tydelegvis gjemt den under frakken. Han satte den forsiktig på gulvet så ingen hørte noko. Deretter skjøv han den sakte bortover gulvet til den andre mannens Gucci-sko. Den svarte frakken tok opp kofferten og gjemte den i frakken. Ingen hadde sett kva som hadde skjedd.

Slik satt dei i rundt fem minutter til før den svarte frakken reiste seg og gjekk ut døren, verken fort eller sakte. «kniiirk». Døren smalt igjen, og lufttrykket suste gjennom rommet og inn under den grå frakken. Det luftet nok godt.
Mannen satt stille i ti minutter før kelneren kom bort til bordet hans igjen.
- Noko meir?
Hatten svingte frå side til side. Kelneren gjekk vidare. Den grå frakken tok ein siste slurk av innehaldet i glaset og tømte det heilt før han reiste seg sakte opp og gjekk ut døren. Verken for fort eller for sakte.

HQ