Norsk
Medieval 2 Total War

Medieval 2 Total War

Skrevet av torleif den 19 desember 2006 klokken 15:00

Kjøpte dette spelet bare noen dager etter det kom ut i butkkene. Eg forventa mykje og eg blei ikkje skuffa. Dette er heilt klart eitt av dei beste strategi spelene eg har spelt nokon gong. Det er så innmari kjekkt å kommandere massive hærer på slagmarka!! Eg fekk berre spelt i nokre dagar , og her er det eg fekk gjort på dei dagane ( lynnedslag slo ned i området... Pc kaputt)

Eg begynete som The Holy Roman Empire(Tyskland på ein måte). Eg skaffa meg fleire allierte , mens eg bygde opp økonomien og store hærar.

I nord angreip eg Danmark og lo av den ynklege hæren deiras.

I vest forsvarte eg meg kraftigt mot Frankrike og sendte leigemordarar mot franske fyrstar berre for gøy.

I aust innvaderte eg Polen for dei brøyt alliansen vår. Lagte fårepølse av heste troppene deiras.

I sør gav eg masse penger til paven. Deretter fekk eg tillatelse av paven til å sende ett korstog mot erkefienden min Milan. Eg utsletta dei totalt.
Det eg også gjorde var å sende 1000 tals av soldater mot Venenzia landene. Tvingte dei langt inn i Jugoslavia før dei blei sure og tok landene sine tilbake. Paven blei etterkvart surare og surare på meg, så eg sendte 3-4 leigemordarar for å kvitte meg med han. Etter mange år med forsøk, fekk eg endelegt tatt knekken på han så altfor religiøse paven. Nå venter eg på pavevalg der min kandidat ligger best an til å bli valgt som ny pave.

Dette er det eg fekk gjort. Håpe det ikkje var alt for kjedelegt og at dokke forstår nynorsk

HQ