Gamereactor internasjonalt Norsk / Dansk / Svenska / Suomi / English / Deutsch / Italiano / Español
Medlemsinnlogging
amigo






Glemt passordet?
Jeg er ikke medlem, men jeg vil registere meg

Eller logg inn med min Facebook-konto
FacebookFacebook

50 000 utan struktur

"...Pakken er heilt klar, og eg gledar meg heilt sjukt til å sjå uttrykket hans når han opnar pakken, for det er jo litt av sjarmen med julekvelden når personen finn noko heilt uventa, nokre augneblikk gir full valuta for pengane som blei brukt...
[..]
...Går det eigentleg an å ete Hockeypulver på ein nokolunde sivilisert måte, eg endar jo alltid opp med å bruke enten fingrar eller tunge, og eg har vanskeleg for å førestille meg at reiskapar som skei og sugerøyr i det heile tatt kan vere effektivt, men det hadde kanskje vore kult...
[..]
...No har eg gått i meir enn ein kilometer i det kalde snøvêret, så treff eg han nesten rett utanfor huset, 30 meters kjøretur, i alle fall kjekt å sjå han igjen, eg skulle ha snakt med han om noko viktig, men det nytter ikkje når syster hans heng med oss heile tida...
[..]
...Søren også at eg ikkje fekk brukt det gåvekortet, det er jo hundre og femti kroner rett i dass, gåvekort er jo eigentleg ein ganske lur ide frå butikkane si side ettersom pengane uansett går til varer i butikken eller direkte i lommen til butikksjefane, sånn som dessverre skjedde denne gongen...
[..]
...Dei som sel spela sine til Gamestop tener lite og ingenting, men andre gamerar får kjøpt desse spela for ein billig penge, noko som er heilt fantastisk bra, for dette er jo ein perfekt anledning til å få interessante spel for ein slikk og ingenting, gamerar hjelper andre gamerar rett og slett..."

Kvar dag produserer hjernen din gjennomsnittleg 50 000 tankar. Du har vanskeleg for å styre kva du tenkar. Det berre skjer av seg sjølv, og dei fleste tankane blir produserte som resultat av impuls utanfrå. Nokre dagar er tankane fokuserte på nokre få spesielle tema, eller masse forskjelleg, men som oftast ein god blanding. Det går ikkje an å organisere alle desse tankane, men det er interessant å sjå på kva som blir tenkt. Personen som person blir kanskje best definert av tankane.

"...Dei aller fleste er jo smarter than a 5th grader, så av og til lurar eg på om de har tatt med relativt dumme deltakarar for å framheve at de amerikanske ungane er supersmarte og klar for å styre landet i rett retning, altså har programmet ein slags nasjonalistisk hensikt, kanskje usannsynlig, men verdt å fundere litt på...
[..]
...Sånn modernistisk kunst er jo heilt merkeleg, det er jo mykje finare med noko realistisk, ein seglbåt i vill storm eller noko anna caught in the moment, for absurde måleri gjev jo ingen direkte meining, dei er der for å fortelje ei djupare meining, ei historie, kunne likså godt skrive ei bok, samtidig har eg litt forståing for denne djupare kunsten, den er kanskje meir interessant enn realistisk kunst...
[..]
...Arh, eg må bli flinkare til å trene, ta fleire armhevingar og springe lengre, eg er jo bortimot lat, men fy så vanskeleg det har vore å bevege meg skikkeleg i det siste, men nå er det jo snø også, så joggeturar er heldigvis uaktuelle, eller uheldigvis, spørs korleis eg snur på det...
[..]
...Det var jo ein dritbra film, eg meinar, kor mange filmar får deg til å sympatisere med fiendane til menneska, det einaste dårlige med filmen må jo vere lengda, for sjølv om det heile tida er noko som skjer, så blir det likevel litt i lengste laget...
[..]
...For berre nokre dagar sidan tenkte eg at eg er den heldigaste guten i verda, eg har jo den beste jenta i verda, eg takka Gud for det, men no sit ho framfor meg og seier at forholdet ikkje føles rett, det går ikkje opp for meg der og då, eg er heilt mållaus, men kort oppsummert, det er Slutt..."

Kommentarer
  • Skrevet av: Traxgen
    2009-12-26 00:20
    Morsom blogg dette her. Orka ikke å lese den nøye pga dialekt men det jeg fikk med meg var interessant å lese
     
  • Skrevet av: torleif
    2009-12-26 00:24
    Tankar frå 23. desember. Dei er nok ikkje eksakt like, men dei er i alle fall baserte på tankar frå den datoen... Prøvde å lage ein ny slags blogg, men det kan jo gå begge veiar

    Citerer Traxgen:
    Morsom blogg dette her. Orka ikke å lese den nøye pga dialekt men det jeg fikk med meg var interessant å lese


    Nynorsk eg prøvde på ... Uansett; Takk . Kjekkt at du fant den interessant
     
  • Skrevet av: skeptisk-heksa
    2009-12-26 02:01
    Jo, sant det....tenker mye rart iløpet av en dag, jeg iallfall.. MYE RART..hehe.. Ehem..

    Forresten..jeg prøvde å sniffe hockeypulver en gang... DET vil jeg ihvertfall IKKE anbefale..

    Bra blogg.
     
  • Skrevet av: sowns
    2009-12-26 09:17
    haha
     
  • Skrevet av: svenningen
    2009-12-26 09:46
    utrykket går gaven åpnes, kan være det som gjør alt verdt det! vi ga en gave som så ut til og glede stort når han åpnet, sikkert den som gledet mest gjennom hele jula, det ansiktsutrykket, reaksjonen. Det ga julestemning det!
     
  • Skrevet av: torleif
    2009-12-26 12:52
    Citerer skeptisk-heksa:
    Forresten..jeg prøvde å sniffe hockeypulver en gang... DET vil jeg ihvertfall IKKE anbefale..


    hahaha

    Citerer svenningen:
    utrykket går gaven åpnes, kan være det som gjør alt verdt det! vi ga en gave som så ut til og glede stort når han åpnet, sikkert den som gledet mest gjennom hele jula, det ansiktsutrykket, reaksjonen. Det ga julestemning det!


    jepp
     
  • Skrevet av: Daniel Guanio
    2009-12-26 14:57
    Strøtanker, I like it! Og eg like at du skriv på nynorsk. Absurde måleri gjev så mykje meining som ein vil at dei skal gi, tenkjer eg? NULL
     
 
Kommentere

For å diskutere må du være innlogget. Om du ikke er medlem ennå - bli medlem nå!

:D :) :( :-o :shock: :? 8) :lol: :x :P :oops: :cry: :evil: :twisted: :roll: ;-) :idea: :arrow: :| :mrgreen: :clap: :dance: #-o =; :^o [-X :pray: 8-[ :sick: :-# [-( :-k :--


Eldre innlegg
Poll Hvilken konsoll velger du?
  • 35% Wii U
  • 35% Playstation 4
  • 6% Xbox One
  • 24% PC
  • 0% ALLE!!
Resultat
BETA +