Norsk
Maximillians kunstnardraum

Maximillians kunstnardraum

Skrevet av Ursa Minora den 7 desember 2010 klokken 00:00

Norsktentamen jula 2010. Skulle skrive om en person som fikk et vendepunkt i livet sitt, og hentet bittelitt inspirasjon fra en spansk lavbudsjettsfilm. Spansktimene er min muse.

Max likte ikkje folk. I alle fall ikkje dei stygge folka, dei gjorde seg ikkje godt verken portrettert eller i profil. Max var kunstnar. Han hadde alltid likt å teikne og male. Mora hans, ein framragande kritikar, roste kvart ei landskapsskildring og abstrakte samansurium han mala. Seriøse kunstgalleri og urbane kafear så derimot ikkje kva talent han hadde, og han vert avslått gang etter gang. Dette var så klart hardt for han, og Max vert deprimert og lei. Han sluta og gå ut, og møtte ikkje nokon andre enn mora under middagen. Han satt inne og bygde modellfly, og gjekk ut ein gang dagleg for å ta ein kopp kaffi, men da så han ikkje baristaen i auga. Korleis kunne han etter å ha blitt bortvist av dagleg leider hos "Kaffistova"?

Åge hadde bygd firmaet under seg. Gidd Media var blant landets ypparste reklamebyrå. Dei hadde promotert store kjeder som Tine, Bunnpris, og Kraft Foods Noreg. Dei hadde også tatt på seg fleire oppdrag frå ulike festivalar rundt om i Noreg. Kun dei beste grafiske utviklarane og dei mest kreative sjelene fekk jobb hos Gidd. Åge tok stoltheit i sine tilsette, og ville møte dei før dei fekk jobben. No var han på vei for å møte ein potensiell ny teiknar til staben. Han visste enno ikkje at det første møtet skulle gå dårleg, men ein teiknar skulle han likevel finne til slutt.

Maximillian var i dårleg humør. Igjen. Mora hans, som syntes alle bileta hans var estetiske meisteruttrykk, hadde tvinga han ut i hagen for å prøve å selje litt kunst. Sola var framme også. Han likte ikkje sola. Han måtte få seg ein jobb. Ekspeditør kunne vert eit alternativ, hadde det ikkje vert for hans avsky for menneske, spesielt dei stygge. Kanskje avisa trengte ein ny kåsør? Han hadde jo snert i penna, tross alt. Nei, dei ville sikkert ikkje ha ein så tragisk, fordomsfull type som han sjølv på trykk. Han hoppa mentalt frå yrke til yrke, mens han venta på kjøparar som aldri kom.

Åge likte ikkje Georg. Han hadde ein dårleg strek og ei enda verre odør. Åge hadde etter beste evne prøvd å vere hyggeleg, men han hadde tilslutt ropt at Georg kunne pelle seg ut. Da hadde han huska på at han var heime hos Georg, og laupt flau bort til døra. Han set seg i bilen og konkludert med at dette var ein dårleg dag. Så hadde han sølt jus i fanget. Sint som han no var, kjørte han seg bort i Georgs nabolag. Alt han så var frukthagar. Epletre, epletre, ripsbusk og nok eit epletre. Men midt i blant alle buskane, satt det ein ung herre og gret blant ein haug med kunst. "Jackpot", tenkte Åge.

Max så gjennom tårane ein pent kledd mann skritte opp gardsplassen. Han gjekk utan eit ord og inspiserte eit par av teikningane hans, mens han sjølv satt i sitt eiget litle emohelvete. "Du har talent og ser ikkje ut som nokon pokkers søtplomme", lo mannen. Max, som var eit notorisk sosialt utskudd, skjønte ikkje den sosiale prosedyren og svarte med eit hikst av ei takk og eit heilt uhørlig filmsitat.
"Mitt namn er Åge Jacobsen. Eg kjem frå Gidd Media, eit av Noregs fremste reklamebyrå. Eg er på jakt etter ein ny konseptteiknar som kan starte snarast, og du virke som om du er både meit talentfull og lukte betre enn alternativet mitt.", fortalte Åge før han la til: "Om du er interessert, kan du møte opp i resepsjonen til Gidd Media klokka tolv i morgon." Åge gjekk, men tok med seg eit bilete under arma. Max var heilt satt ut. Han kunne få en jobb kor han fekk teikne mot betaling og ære og heider. Han måtte uansett møte opp. Åge Jacobsen hadde ikkje betalt for bilete sitt.

Klokka tolv neste dag møtte Max opp på Åges kontor, og eit kvarter seinare hadde han signert ein kontrakt. Han blei fort Åges høyre hand og laupehund, og på eit år ville han bli medeiger og visepresident i Gidd Media. Han ville også bli anerkjent som Noregs nye kunstnarspire og kreative stjerneskodd. Men Max' mor, kvinna som syntes hans verker var Cezanne og Miro, var fortsett hans viktigaste kritikar.

17 dagar igjen

Bilete viser Gidd Medias logo. Gidd er ei bedrift beståande av tre ungfolar på Steinkjer.

HQ