Norsk
Nyeste
Atrás

Blogger

Her kan du kommentere alle brukernes blogger

Då Epic Games lanserte Gears of War i 2006 tok dei verda med storm. Deira spel inviterte oss inn i eit storslått eventyr kor vi fekk moglegheita til å slakte hundrevis av såkalla Locust. Med dryge våpen, ekstremt veltrena karakterar og dosar med svart humor gjorde dei oss avhengige. Men til trass for toppkarakterane kritiserte vi. Multiplayeren var av beste kvalitet, men delen kor du skulle redde verda aleine i form av hovudkarakteren Marcus Fenix var vi ikkje heilt nøgd med. Delen var litt kort og historia mangla styrke og djupne. Heldigvis er Epic Games flinke til å ta til seg kritikk. Kanskje litt for flinke.

Fordi da dei lanserte Gears of War 2 var mykje annleis. Singleplayeren var nå av eit heilt anna kaliber samanlikna med det fyrste spelet. Historia var spennande og lang, og karakterane hadde djupne. No handla det ikkje lenger berre om å kvitte seg med fienden brutalt og rått. Det blei sette meir fokus på Marcus, Domenic og deira kompanjongar, og då vi var nøydd til å søkje i undergrunnen etter kona til Domenic, var det openbert at Epic Games hadde lært av sine tidlegare feil. Men det var berre eit problem. Den delen av spelet som nesten var perfekt i Gears of War, var no øydelagd.

Riktig nok fekk Epic litt kritikk for multiplayeren i Gears of War. Ikkje så mykje, men nok til å påverke det framtidige meisterverket. Våpna var ikkje balansert nok og det var tydeleg at ein host hadde noen fordelar. Samtidig hadde shotgunen i spelet ei utroleg dominerande rolle og det var truleg dette som skapte dei store opprøra. Men akkurat den kritikken er mine augo overflatisk. Shotgunen var nemleg tilgjengeleg for alle. Den var kanskje for kraftig, men det handla berre om å kunne bruke den. Problemet var nok at var store forskjellar mellom ferdigheitene til folk, og eg trur at det var kjelda til all misnøgde personane der ute, ettersom shotgunen hadde "hovudrolla" i multiplayeren. Men då Epic Games skulle tolke og tilarbeide dette, gjorte dei store feil. Det som ein gong var ein fantastisk multiplayer i Gears of War, vart no ein kranglete affære i Gears of War 2. Lite stemde. Med en nedgradert shotgun som no hadde kuler laget av luft og fleire andre forandringar var mykje annleis. Og ikkje på den positive måten. Samtidig hadde spelet store nettverksproblem, og det meinar eg store. Skuffelsen var stor, og spelet fekk ikkje den same mottaking forgjengaren. Igjen, så har Epic Games fått høyre dette. Kritikken er levert. Spørsmålet er no, har dei høyrt vår røyst?

Vil dei klare å gjere alt riktig denne gongen? Er det mogleg at det dei utviklar både ein singelplayer og multiplayer som kan tilfredsstille forventningane våre?
There is a sufficiency in the world for man's need but not for man's greed ~ Mohandas K. Gandhi
  • 0
vel jeg håper de har lært. Så alle våpnene blir balangserte og vi får ett dritt bra spill!
Love is like a flower; even the most beautiful kind dies. - Till Lindermann
  • 0
Jeg vil ikke at Epic Games skal lage et dritt bra spill. Gears of War er tross alt en av de største trekkplastrene til Xbox, og hvordan ville det blitt om det siste spillet i serien ville vært bra som dritt?

Nei, det ville blitt for ille. Jeg har aldri vært noen stor fan av Gears of War-spillene, men moro er det, ingen tvil om det. Jeg likte single-playeren i 2ern veldig godt, det første spillet har jeg ikke spilt noe særlig... Syns også multyplayeren var ok i 2ern, men det kan nok ha vært fordi at jeg bare prøvde det med en venn på split-screen, aldri online.

Men jeg håper(for alle fansene sin skyld) at Epic Games leverer et knallbra spill fylt med action, vold, svart humor og stygge romvesner. Så er det bare å håpe at singleplayeren blir som i 2ern(bare bedre), og multyplayeren som i det første spillet(bare bedre).

Bra blogg Noen feil her og der, men jeg er ingen nynorsk-ekspert selv, så jeg kan ikke(og orker ikke ) rette de for deg. Lykke til på eksamen, selv kom jeg opp i matte og er ekstremt misfornøyd med det. Håper muntlig går bedre...
"Yeah, I dare you! Ragequit! Make us both happy!" - Scout, Team Fortress 2
  • 0
Enig med deg ;) Det beste fra multiplayeren i eneren pluss det beste fra singleplayeren i toeren, og så er alt i boks

Feil kan det godt være, jeg gadd ikke å lese over;)
There is a sufficiency in the world for man's need but not for man's greed ~ Mohandas K. Gandhi
  • 0
Gleder meg utrolig mye til Gears 3. Om de legger til alt det gode fra enspilleren og flerspilleren og forbedrer de litt kanskje er det bra.

Dere kan lese mine forhåpninger om spillet i den offisielle Gears of War 3 tråden i forumet
  • 0

For å diskutere må du være innlogget. Om du ikke er medlem ennå - bli medlem nå!