Norsk
MEDLEMSANMELDELSE

Castlevania: Lords of Shadow

Skrevet av: Grotlo   2012-12-31

Det klassiske sidescrollerspillet; «Castlevania» frå 1986 på NES er eit djupt elska spill som starta ein franchise som forsetter å gjere oss redde med sin skumle atmosfære til den dag i dag. Men ved Nintendo 64 generasjonen så skjedde det noko. Mange klarte spranget frå 2D til 3D, nokon klarte det ikkje, Castlevania var det sistnevnte. Konami har vore nølande med å prøve igjen med 3D, og har bare fortsatt med sine tradisjonelle sidescrollere. Men i 2010 så gav Mercurysteam ut «Lords of Shadow», ein omstart av serien som prøva å gjere det tidligare forsøk har feila på. Vil ein ny start gjere serien godt? Om svaret allereie ikkje var openbart nok: Ja. Dette er ein reise alle bør bli med på, både for fans og nye for serien!

«Mørke tider krevar ein mørk helt»
Ein befinner seg i ein skummel tid. Jordas allianse med himmelen har blitt trua av ein ondskapsfull styrke kalt «Lords of Shadow», og mørk-magi har stoppet sjelene frå dei døde frå å forlate denne verda som no er fullt av vonde vesena. Du er Gabriel Belmont, medlem av «The Brotherhood of Light» som har i oppgåve å beskytte folket frå onde kreftar og han fant nettopp sin kone brutalt myrdet av disse vesena. Sida hennes sjel er fanget i limbo, så må Gabriel gjennom det ødelagte landet på jakt etter dei som er «Lords of Shadow» og kvitte seg med den mørke-magien som separerer himmel og jord og få tilbake sin kone.

Spillet lykkes kjapt med å trekke deg inn i sin djupe historie rett frå starten av. Det starta dystert og fortsatte dystert som bidrar godt til den gode atmosfæren. Du får lyst til å fortsette å spille for å se korleis det vil utvikle seg vidare, for det vil ikkje ta retninga du forventar. Men det spillet får best til er utviklinga av Gabriel. Han er openbart lei seg etter nylige hendingar, men han har ikkje tid til å sørge, han må bare fortsette for han har intet valg. Alt det grusomme han må gjere og må igjennom synes godt på han og han blir meir og meir ein øydelagt helt, men det gjer han bare til ein interessant figur. Folk begynner å bli lei av å spille dei perfekte heltene som er uovervinnelige. Dei er som regel forutsigbare, men når nokon er sårbare og har alt å miste så er det vanskeleg å vite kva ein kan gjer. Å ha gode figurer er nesten like viktig som å ha god historie, og «Lords of Shadow» får til begge to heilt meisterlig!

Twista og genuit drama får spillet bra til, men forteljaren er det einaste problemet eg har med spillet historievis. Patrick Stewart spiller figuren Zobek, ein som hjelper Gabriel frå tid til annen, men han bruker også å innleie oss foran kvar bane. Han gir eit klisjéfullt preg over historia som ikkje passer settinga. Det virka som han prøva å spille ein rolle i eit Shakespeare drama.

Eg har ikkje spilt tidligare spill i Castlevania serien og eg tviler ikkje på at mange av dere ikkje har heller. Så om dere syns dette spillet høres interessant og gøy ut, så er dette ein god plass å starte!

Eit velfungerande 3D-Castlevania:
Introduksjonen til spillet viser ein dyster og mørk verd, noko som reflekterer kva atmosfæren klarer å oppnå. Spillet nøler ikkje med å hive deg inn i sin djupe historie når Gabriel kommer til ein landsby som har problem med monstre som ikkje vil dei godt. Han går sjølvsagt til aksjon, men bare for å komme på den andre sida av porten dei er ved. Når den porten blir opna så veit du at du er ovanfor eit stort og minneverdig eventyr!

Kampsystemet tar inspirasjon frå «God of War», men legger på mykje av sin egen identitet i det. Mange har sagt at «Lords of Shadow» sitt kampsystem er eit direkte plagiat av «God of War» sitt, men då er dei enten trongsynte eller har ikkje prøvd spillet. Eg har nemlig prøvd begge og skal innrømme at eg skjønner kor dei får det frå, men det gjer ikkje påstanden meir rett. «God of War» fokuserer på eit lette-, medium- og tunge-slag system, mens «Lords of Shadow» har direkte- og område-angrep. Det vil seie at direkte-angrepet fokuserer på ein fiende og område-angrepet går ut på å treffe fleire fiendar som er plassert rundt deg. Sjølv om du kanskje får inntrykket av at det ikkje er eit så djupt kampsystem, så må eg forsikre deg at det er mykje meir til det enn det høres ut som. Eit stort oppgraderingssystem gjer at det blir variasjonar i kampane heilt mot slutten av spillet, noko eit titals tøffe fiendar gjer også.

Gabriel Belmonts kors-kjedepisk er ein fryd å styre. Er nesten umulig å ikkje samanlikne det med Kratos sin kjedepisk, som begge handterer heilt majestetisk og opnar opp for strategi under kampane. Du får også ein god følelse av progresjon gjennom spillet når du og samtidig Gabriel blir betre til å styre våpenet hans. Eit combosystem er inkludert for å gi ein meistrings følelse der den også kan redde livet ditt. Legger du til eit magisystem, så har vi «Lords of Shadow»s kampsystem som er kjempe artig og har nok variasjon til å holde seg ferskt gjennom heile sin tjue times lange kampanje.

Der folk kan dra heilt forståelige samanhengar med andre spill er bossene til «Lords of Shadow». Her møta vi kolossane til «Shadow of the Colossus» og trollene til «God of War». Disse kjempene er ikkje dei mest kjekke med spillet, siden dei har allereie blitt gjort betre i andre spill. Det er heller bossene som du tar mano-a-mano som er dei mest minneverdige og kreative. Nokon ender til og med opp til å bli ein av dei mest spektakulære slåstkampane i spillhistoria!

Det kanskje mest kritiserte elementet med «Lords of Shadow» har vore kameraet. Som oftast er posisjonen fiksa og satt i ein vinkel sånn at det som skal ha fokuset får fokuset. Det er ikkje alltid det funka like bra då, når det nokon gangar ender opp med å gjere deg blind mot fiendar. For meg, så har ikkje dette vore eit stort problem, men når kameraet og plattforming møtes, så kan det oppstå nokon irritasjonsmomenter. Plattforming og klatring fungerer litt på den same måten som Uncharted, bare ikkje like bra. Ofte er det vanskeleg å vite kor du skal hoppe eller klatre neste, også kan kontrollen vere litt motvillig i tillegg. Dette er uten tvil mest frustrerande når du er på tidspress. Der du ender opp med å banne og rope til TV'en at det dødsfallet var spillet sin feil og ikkje din! Plattforming er ikkje eit einaste stort minus om det var det inntrykket eg gav deg, for når det går som smurt, så er det kjekt å spille.

Umiddelbart dratt inn!
Er det ein ting «Lords of Shadow» gjer eksepsjonelt bra, der det er i ein klasse for seg sjølv, så er det nivådesign og omgivnader. Eit lineært spill kan enkelt bli einsformig, både visuelt og interaktivt. Men dette spillet er så pakket fullt av originalt innhald at det blir ganske vanskeleg. Kvert kapittel har ein ny setting, ikkje ulikt som eit Zelda spill. Du utforska alt frå fortrylla skoger, mørke hula, høge fjell til, sjølvsagt; slott. Alle pakka den rette atmosfæren som driva deg til å fortsette heilt til spillet er ferdig, når din bevissthet er i ein heilt annen verd. Det er eit teikn på at spillet vil i løpet av kort tid bli nostalgisk. Ein annen Nintendo samanlikning er at eg får litt av Metroid følelsen, der du følar deg isolert innanfor ein stor verden, der det bare er du og spillet. Alt var perfekt for at eg kunne nyte det til det fulle.

Det mange sakna frå enspillerspill er lengde. Dei har blitt kortare og kortare til å faktisk bli mulig til å rundast på ei spilløkt! Det er absolutt tragisk, men med «Lords of Shadow» så vil bare ein gjennomgang ta deg over 20 timer. Ingen vanleg menneske kan ta det på ei spilløkt for å seie det sånn. Og du er heller ikkje ferdig med spillet etter dei tjue timane, for du har rikeleg med grunnar til å spille meir. Trials, vanskelegare vanskelegheitgrad, gjømte oppgraderinga og DLC er det som gjer ein andre gjennomgang rettferdiggjort! Eg har fått ut nesten hundre timar med glede frå dette spillet, noko som er langt over kva som var nødvendig.

Som mange andre spill, så blir spillets historie fortalt gjennom filmsekvensar, og «Lords of Shadow» er intet unntak. Konami og Hideo Kojima, som er ein av produsentane for spillet, er ganske kjent for å ha lange filmsekvensar. Nokon synes kanskje det er ein dum ting, men her passer det fint når historia har stort fokus. Quick-time-events er med for å gjere det interaktivt. Sjølv om QTE kan gjere dei meir intense, så kan det bli brukt i overkant mykje i andre unødvendige ting og kan derfor miste sin glans når det faktisk teller.

Noko eg synes er trist er fans av serien som avviser dette spillet bare på grunn av at det virkar for frammed over kva serien allereie har etablert. La meg si dere ein ting, å gå frå 2D til 3D vil medverke store forandringar. Som om det var ein overrasking. Ja, det er ikkje så veldig likt det som kom for 25 år sida, men burde det bety noko? Spillet har ein fantastisk historie, gameplay som matcher og samme essens som klassikarane, det er noko alle fans burde oppleve uansett om dei er skeptisk eller ikkje!

Eit fryd for sansane!
Eit bra lydspor må til for å ha innleving i spillet, og eg blei enormt overraska når det på kort tid kom ein av dei mest store og episke songane eg har hørt innan spill på over ti år! Eg trudde ærleg talt det var hovud theme-songen til spillet, men nei, det var bare eit av fleire songar. Det var på det øyeblikket eg skjønte at min gamble på å starte på ein gammal franchise var vel verdt. Musikken oppnådde nøyaktig kva den var ute etter, å engasjere spillere.

Omgivnader har eg allereie nemnt ser fantastisk ut og grafikkmessig er det det som tar alt oppmerksomheten. Seier ikkje at resten ikkje se bra ut, for det gjer det. Figurene, fiendane og animasjonane er ein fryd å se på, men detaljane og variasjonen av omgivnadene steler uten tvil showet. Detaljnivået er beundringsverdig og du setter verkelig pris på all tida utviklerane har brukt på å få det så livaktig.

Konklusjon:
Når eg starta på «Lords of Shadow», så var eg totalt uvitande at eg nettopp hadde gjort eit av dei beste kjøpa i heile mitt liv. Spillet hadde eit sånt drag på meg som det ikkje ville sleppe før eg var heilt ferdig med spillet. Alt er så velfungerande og bra laga til at kritikken eg kommer med ender opp med å bli små bagateller som ikkje står i vegen for denne fantastiske spillopplevinga. Om du ikkje har prøvd spillet, så kan eg ikkje stresse nok, prøv det! Eit av tidenes mest undervurderte spill, det har eg ingen tvil på.

+ Enkel, men samtidig eit avansert kampsystem. Utmerket nivådesign og omgivnader. Fascinerande historie med interessante figurer. Utruleg musikk. Fantastisk atmosfære. 20+ spilletid, god gjennspillingsverd.

- Patrick Stewart som forteljaren. Enkelte frustrerande plattform-sekvensar. Nokon kan syns det er for ulikt serien. Kan overdrive med QTE.

Grafikk: 9/10
Lyd: 9/10
Gameplay: 9/10
Holdbarhet: 10/10

PS: Anmeldelsen har vore publisert på spill.no.

Samlet karakter: 8/10
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10