Norsk
Blog
Spelaugneblink: Goddess Sword

Spelaugneblink: Goddess Sword

Eg har med denne bloggen tenkt å starte ein serie kor eg snakkar om spesielle augneblinkar for meg frå ulike spel, og gjerne på nynorsk. Den første augneblinken eg vil snakke om er når du får Goddess sword, eller gudinnesverdet på norsk, i Skyward Sword. Kvifor ikkje skrive om ein gong eg som Link fekk Master Sword, spør du kanskje? Eg føler at scena med gudinnesverdet er meir ikonisk.

Etter at Zelda har blitt dratt ned mot overflata i ein storm og Skyword Sword på ein måte har vore gjennom eit vendepunkt i historia, vakner Link til ei ukjent røst. Han går ut av rommet sitt og ser ein mystisk kappekledd skikkelse, som vi seinare vil kjenne som Fi. Allereie her har ein inntrykk av at noko er galt, og ein kan kjenne den spente stemninga. Bør eg følgje denne skapningen, eller er det nokon som prøver å lure meg? Nysgjerrigheita tar overhånd og Link følgjer etter. Link går ut i natta i mørket. Eg liker virkeleg korleis stemninga i mørket gir Skyloft ein heilt annen fremtoning enn på dagen. Himmelen rundt den flygande øya er uvanleg stille om natta og ikkje noko musikk blir spelt. Heile denne sekvensen er veldig god, og passer med at heile historia har eit vendepunkt her, frå bekymringsløs flørting med Zelda til utfordringa å måtte dra ned og redde ho.

Link følgjer etter skikkelsen til toppen av Skyloft der kor statuen av gudinna står. Skikkelsen opnar ein hemmeleg dør ned til under selve statuen. I rommet under statuen står sverdet, det kanskje meist ikoniske sverdet i spelhistoria. Det eg liker så godt med akkurat denne augenblinken er at ein kan sjølv på ein måte føle på korleis det må vere å løfte opp det ikoniske sverdet frå stenen. Eg likte spesielt godt at spelet gir deg muligheita til å dra opp sverdet med wii kontrolleren slik ein ville gjort med eit ekte sverd. Det ga meg også på ein måte ei ny kjennskap til dette sverdet, som eg har svingt i mange spel gjennom historia. Og attpåtil er det meininga at Skyward Sword er det første spelet kor Link drar opp master sword frå stenen. Heile scena og følelsen som bevegelseskontrollen gir deg er veldig passande for at dette på ein måte er "første gong" du tar i master sword, eller gudinnesverdet, i heile spelserien. Kva syns du om denne sekvensen? Like bra som scena med master sword i Ocarina of Time, eller betre?

HQ